Frå grøne posar til gass og grøne jorder

Eit djupdykk i Oslo sitt matavfall.

Boing. Boing. På Klemmetsrud og Haraldrud blir avfallsposar frakta langs lange rulleband. Eigne klaffar langs rullebanda gir dei grøne matavfallsposane ein dytt og sorterar dei til side.

Fargesensoren er finjustert til å registrere nøyaktig den type grønfarge. Kiwi-posar kan berre slappe av. Det minner om flipperspel, for dei som har spelt det.

Klaffane får herje i to omgangar, før dei erklærer søpla sortert og sender matavfallet utfor eit luftig stup ned i ein grøn container.

Systemet gjer at folk i hovudstaden kan kaste både restavfall, blå plastsorteringsposar og grøne matavfallsposar i same container, og likevel blir det sortert.

Les også: Frå Porsgrunn til Göteborg på biogass

Til jord skal du bli

Neste stopp for matavfallet er Nes i Romerike – ein 45 minuttars eskorte frå Norges største by til Norges største landbrukskommune.

– At anlegget vart plassert på landet er logisk, forklarar Cecilie Bjørnethun, kommunikasjonssjef i Energigjenvinningsetaten i Oslo, EGE.

Dei driv Romerike biogassanlegg.

– Det er der det er bruk for gjødsla som blir att etter biogassproduksjonen.

Mange veit at biogass bidreg i klimakampen. Men ein annan, viktig kamp er å få næringsstoffa i krinslaup. Ikkje brenne dei til himmels, ikkje spyle dei til havs, men hente dei attende til jorda.

GRØNT: Rest frå biogassproduksjon på anlegget i Romerike blir brukt til å gjødsle åkrar som denne i området rundt. Foto: Privat

Næringsstoff er heilt naudsynt for plantevekst, og resirkulering er meir miljøvennleg enn nyproduksjon av mineralgjødsel, som bruker fossile drivstoff og dels er gruvebasert.

Les også: Avinor åtvarar regjeringa mot vekst i flytrafikk

Øko-takk til hovudstaten

Gjødsel frå biogassproduksjon, kalla «biorest», inneheld både fosfor, kalium og andre mineralske næringsstoff. Det inneheld òg nitrogen, som etter biogassprosessen faktisk er lettare tilgjengeleg for plantene.

Bonden tilfører vanlegvis næringsstoff til jorda med mineralgjødsel, også kalla «kunstgjødsel». Han bruker òg møkk frå husdyr, men biorest kan brukast i staden, eller i tillegg.

På instagram forklarer Margit Fausko heile prossessen: 

I motsetning til mineralgjødsel, er bioresten økosertifisert. Det er også husdyrmøkka, men denne finst ikkje overalt. Økologiske planteprodusentar utan tilgang til husdyrmøkk er difor fremst i biorest-køen, opplyser Bjørnethun.

Slik sett legg Oslo-innbyggjarane grunnlag for økologisk planteproduksjon på Romerike når dei  sorterer maten sin heime.

Les også: Sogn jord- og hagebruksskule er den einaste av sitt slag i landet

Sirkulært potensial

Kvart år kastar Oslo-innbyggjarane 80 kg matavfall per person – eit tal som sjølvsagt bør reduserast. Men berre 37 av desse blir resirkulert – ein høg andel samanlikna med mange byar, men eit tal som med fordel framleis kan aukast.

Cecilie Bjørnethun i Energigjenvinningsetaten opplyser at Romerike har stor, ledig kapasitet.

– Anlegget kan faktisk ta over dobbel så mykje matavfall som det gjer i dag, og er med det dimensjonert både for betre utsortering og folkeauke i Oslo.

Og tenk – kvar kilo matavfall gir biogassdrivstoff tilsvarande 0,13 liter diesel. Gassen driv mellom anna renovasjonsbilane, som fraktar grøne og andre posar til og frå dei omtala flipperspel-klaffane.

Der sluttar sirkelen. Eller vent – er det kanskje der han startar?